BlogDay – nok eit bloggfenomen

Skriv · · 1. september 2006

Forestill deg at det er BlogDay, altså 31. august framfor 1. september. Sidan eg har fått ei lenke av Iversen revisited i denne samanheng, er det vel greitt å få lista opp mine fem førsteval når eg tek ein leserunde på norske bloggar.

Det er forsåvidt ikkje meir avansert enn at eg tek det i rekkefølga som ligg under lenker, og den er slik:

  1. De 7yv utvalgte. TMwtP sin temablogg om film, med gode anmeldelsar, både lange og korte, og sjølvsagt månedslister med dei sju beste.
  2. Gjemmestedet. gbang og djtokyoboogie anmeld filmar, både enkeltvis og fleire i lag.
  3. Iversen revisited. Ikkje ein rein filmblogg dette, men lystige tekstar frå fleire område.
  4. Fred Ut. Skriv om film han ser, i tillegg til TV. Er god på lister, trailertips, m.m.
  5. Typisk Tor Andre. Variert på film, TV, kultur og ymse. Godt lesestoff.

Sjå på dette som ei fin lita liste, og ikkje noko bloggedag, viss du tykkjer slikt er bullshit. Eg heng meg sjelden på slikt, men er glad over all reklame eg får, og tipsar gjerne om mine favorittar som takk.

BlogDay – nok eit bloggfenomen plakat - Filmdagbok