Bloggkonvergens

Skriv · · 6. april 2006

Har slått saman TVdagbok og Filmdagbok. Så frå no av er det berre Filmdagbok. Postane importert frå TVdagbok er å finne i kategoriane TV Finished og TV Unfinished. Sidan TVdagbok var på engelsk frå før, så vil dei postane som ligg der fram til denne datoen vere å finne på engelsk. Som med Filmdagbok, så vil eg frå no av skrive TV-relaterte innlegg på nynorsk. Men ein del av strukturen vil forbli den same: Titlar vil stå med season om dei høyres til TV Finished, og postane vil starte med # episodes.

Kategorien All vil ikkje innehalde anna enn filmar, i god gammal Filmdagbok-ånd. Så det vil ikkje vere nokon felleskategori for alle TV-relaterte innlegg.

Om nokon har sett på TVdagbok, så vil ein legge merke til at kategorien heiter Cancelled, og ikkje Unfinished som her. Det er ingen spesiell grunn til endringa, enkelt og greitt. Oversikter som Currently watching, Next up og On hold er blitt flytta, og vil stort sett nesten alltid vere oppdatert, så lenge eg hugsa på det.

I tillegg har cirka 30 filminnlegg fått oppussing, dette var innlegg som har blitt oversett i oppussingsperioden etter importen frå Blogspot.

Bloggkonvergens plakat - Filmdagbok