Bruk av merkelappar har blitt enklare

Skriv · · 9. januar 2021

Merklappar på Filmdagbok har i lengre tid hatt bildevisning i oversikta, med eit passande bilde per merkelapp. Dette er no fjerna til fordel for eit merkelappikon. Visninga er blitt likare oversiktene til personar som regissørar, manusforfattarar og skodespelarar.

Endringa er gjort i tilknytting til utvida bruk av merkelappar. I dag har over 30 nye merkelappar blitt oppretta. Og ved å utelate bruk av bilder, ligg det til rette for å opprette fleire merkelappar fortare framover. Ein annan årsak til at bilder i oversikta utgår, er opphavsrettigheiter. Mens filmplakatar vanlegvis er lett å finne, er stillbilder og andre passande bilder til merkelappar vanskelegare å finne på lovleg vis.

I lys av det poenget med opphavsrettigheiter, har også bilder blitt fjerna i oversiktene for typar, sjangrar og rangeringar.

Bruk av merkelappar har blitt enklare plakat - Filmdagbok