Courteney Cox og Demi Moore regidebuterte

Skriv · · 15. oktober 2009

Under den årlege Reel Moments viste Demi Moore og Friends-stjerna Courteney Cox fram sine første filmar. Filmane er basert på historiar frå lesarane av Glamour Magazine, som også er arrangør av Reel Moments.

– Det er ei fantastisk gåve å få moglegheita til å regisser. Det gjekk opp for meg at sjølv om eg blei vettskremt av oppgåva, så hadde folk trua på meg. Akkurat det kjem eg til å ha med meg resten av livet, fortel Demi Moore.

Demi Moore regisserte Streak, ein tolv minuttar lang film om ei ånd som inspirerer ei kaloriteljande jente til å blåse i måtehald og heller ha det moro.

Courteney Cox kunne på si side stolt vise fram The Monday Before Thanksgiving. Det 19 minuttar lange dramaet fortel om ei kvinne som finn fred og aksept på årsdagen for mora si dødsdag.

Kjelde: Boston Globe

Courteney Cox og Demi Moore regidebuterte plakat - Filmdagbok

Foto: Albert Domasin og David Shankbone