Eit alternativ syn på Friday the 13th

Skriv · · 1. april 2008

Tsju tsju tsju tsju, hah hah hah hah. Slik lyder herrens filmmusikk, Harry Manfredinis.

Er du blant dei som ser på Friday the 13th som enkelt grøss der teite ungdommar blir slakta ned utan mål og meining? Les vidare.

Det er meir bak Friday the 13th enn at eg kan gi meg med passiv kommentering om kor vidt filmane er gode eller dårlege. I dette innlegget vil eg sjå nærare på særs viktige aspekt ved filmens syn på menneske og relevante parallellar med klassiske verk. Teksten er ingen prakteksempel på oppbygging og akademia, meir ei tankerekke der eg prøver å trekke absurde linjer.

Eg har fått det for meg at mange har streifa bortom drepinga av pulande ungdommar i Friday the 13th som eit ledd av den evigpopulære kristne moraliseringa omkring seksuelt samkvem før ekteskapet, generalt omkring feil former for sex. Tarjei Vesaas, av alle å trekke fram, har ein idé om at Gud straffar 11 årige jenter med lesbiske tankar i Is-slottet, Friday the 13th er ikkje så dømmande på homoseksualitet, men o’ store mordar Jason drep også all form for lesbisk subtekst i flyten av nakne kvinner i mengder. Eg trur lite på at Tarjei Vesaas eigentleg er relevant her, men ønska å legge litt tyngde bak nokre av drapa til Jason, på spissen.

Det er ingen hemmelegheit at instruktørane på Camp Crystal Lake og andre leirleiarar seinare å vifte med eller ta i mot, pikk. Dette er relevant for rettferdiggjeringa til drapa, Jason lærte aldri å bruke snabben sin og er misunneleg. Jason, i dei filmane han er monsteret, er eit egoistisk vesen som har ein tendens til å angripe lykkelege unge mennesker når dei har sex eller badar nakne. Egoismen ligg også i hans inkapibilitet i å sjå andre menneske glede seg, han ser nok også det praktiske å spare knivblad for slitasje som ville oppstått i møte med tøy. Eigentleg har ikkje dette så mykje å gjere med at Jason drep, han ville drept uansett han, det er ein gong slik at ungdommen er ganske vill. Eg håpar poenget mitt kjem fram, nakenheit og sex, to vidt forskjellige ting, er ikkje årsaka til drapa, det er eit eller anna skrudd i miniatyrhjernen til Jason. Men han har fleire grunnar.

Ein av dei er at Jason som den stygge ungen han var aldri fekk svømmetrening, dette fekk fatale konsekvensar, i ettertid har han gjort kampen mot læringsanstaltar til sitt hemntokt, då gjeld det for ungdommen å styre unna, noko dei aldri gjer. Ein ting som ikkje kjem fram i filmane er at Jason kan lese, favorittboka hans er Agatha Christies Ti små negerbarn som den så flott heiter i mi norske utgåve frå 1980, andre vil kanskje kjenne den betre som And then there were none. Han prøver å leve opp til forbilde sitt i boka som er hjernen bak dei eine etter det andre-drapa. Han brukar dei mange vage forbrytelsane ungdommen gjer i Friday the 13th-filmane som grunn til å ta livet deira, problemet er at Jason etter kvart går over til eit føre var-prinsipp og det blir vanskeleg å gi noko meir av handlingane i filmane meining.

Eit alternativ syn på Friday the 13th plakat - Filmdagbok