Filmdagbok blir beta, utprøving av nytt tema

Skriv · · 23. april 2007

Nytt tema på plass, litt finpussing gjenstår, men klart for bruk. Virkar i alle nettlesarar eg har prøvd (Firefox og Opera i Windows og OS X, Safari i OS X), utanom den forrige versjonen av Internet Explorer. Både på grunn av layout-kodinga, men også fordi eg har nytta PNG-grafikk med gjennomsiktigheit på sida. Men ved å gjere som dei store selskapa og kalle det ein prøveversjon vegrar eg meg mot den sterkaste kritikken.

Om folk vil gi tilbakemelding er kommentarfeltet opent som alltid. Er spesielt interessert i å høyre om den automatiske skjuling av banneret er nyttig eller irriterande. Har bevisst lagt vekt på å framheve funksjonar som har brukarverdi, og noko har dermed blitt flytta ned til botnen av sida.

Elles må eg få skryte av at eg har laga tema sjølv denne gongen, frå botnen av faktisk, med dei fordeler og ulemper det måtte medføre. Bokstavtypar som blir brukt er Gill Sans i OS X og Trebutchet MS i Windows etter det eg har prøvd ut. I ulike Linux-variantar er eg usikker.

Eg nemnte noko om serverflytting, den er midlertidig utsatt ettersom det i blant glimtar til på hastigheita på denne serveren, og håpet mitt hoppar.

Til slutt må det jo seiast at det som alltid er innhaldet som er viktigast, og det blir ikkje forandra.

Filmdagbok blir beta, utprøving av nytt tema plakat - Filmdagbok