Filmdagbok er 17 år

Skriv · · 10. mars 2021

I dag, 10. mars 2021, er det 17 år sidan det første Filmdagbok-innlegget blei publisert. Bloggen låg den gongen på domenet filmdagbok.blogspot.com, før han etter kvart blei flytta til filmdagbok.heavysheep.com. Sidan 2015 har derimot bloggen hatt ein heim på filmdagbok.no.

I løpet av desse 17 år har det blitt publisert filmmeldingar om 4361 filmar. I tillegg har eg skrive om 497 seriar, 232 kortfilmar og 29 spel. Det har blitt laga 137 lister og 188 skriv. Filmdagbok har vore innom Facebook, Twitter, Instagram, Pinterest og YouTube. Men berre midlertidig, og ikkje no lenger.

Eg har laga tre e-bøker med filmmeldingar: 4 år i 2008, 100 i 2009 og Woody Allen i 2010. Sida har blitt drifta med tre ulike publiseringsløysingar: Blogger, WordPress og ProcessWire. Ei stor mengde ulike webdesign har blitt prøvd ut, deriblant ei unik tilnærming i 2010. Dagens webdesign har med små endringar vore det gjeldande sidan 2016.

I 2017 var Filmdagbok midlertidig lagt ned, men kom på plass igjen etter nokre månader. Og fort fyllt opp med filmar og seriar sett i mellomtida.

I dag fungerer Filmdagbok både som samlingsstaden for filminteressa mi, og som sandkasse for å prøve ut nye og eksisterande funksjonar i ProcessWire og anna koding på vegne av Asbjørn Ness Web.

Lik eller kommenter innhaldet på sosiale medier på twitter.com.
Filmdagbok er 17 år plakat - Filmdagbok