Filmdagbok i ny drakt

Skriv · · 8. januar 2010

Skifte av tema har skjedd ein del gonger på Filmdagbok, spesielt siste månadane. Stadig på jakt etter eit tema som kan utnytte eller tilretteleggast funksjonaliteten eg brukar i bloggen, og som er fint og særeige. No presenterer eg den største endringa på nokre år, og den første i sitt slag her på berget.

Konsept

Det nye temaet har fått kallenamnet Filmazine og er eit meir fleksibelt tema enn nokon av dei eg har brukt tidlegare. Av den grunnen vil eg blande omgrepet tema med ord som rammeverk og skal når det gjeld den nye utforminga.

Kort fortalt er Filmazine skapa med tanke på at nye innlegg skal kunne utformast på ulik måte, med ulike bakgrunnar, skrifttypar, breidde, osv. Dette betyr at utforminga til innlegg, altså den delen av bloggen som finn stad i mellom navigeringa på toppen og kommenteringa på botnen, skal kunne sjå forskjellig ut frå gong til gong. Samtidig vil arkivet bestå i tradisjonell forstand med eit standard oppsett som før, som òg blir brukt til innlegg eg ikkje utformar individuelt.

Les meir om dei unike designa på blogginnlegg i innlegget I glansen med unike innleggsdesign.

Det gir meg moglegheit til å skape magasinliknande artiklar på Filmdagbok om eg ynskjer, ved å bruke CSS (meir om dette lengre nede). Filmazine er ein ordspinn på ordet Blogazine, samanslått av blog og magazine.

Det forrige temaet til Filmdagbok, SamePocketTexture-tema – Bloggarkivet, eit tradisjonelt WordPress-tema. Kvart innlegg bestod:

  • Same plassering av tekst.
  • Bileter innanfor tekstområde .
  • Lik utforming på skrift og bakgrunn.

Slik fungerte også dei tidlegare brukte tema på Filmdagbok: Define-tema – Bloggarkivet, Lite 0.8-tema – Bloggarkivet, Pocket-T, Irresistible, NRK Edition-tema – Bloggarkivet , SamePocketTexture-tema – Bloggarkivet.

Koding

Alt skjer ved bruk av CSS. Har du ingen interesse for det tekniske, men ynskjer å vite kor innhald og funksjonar har blitt av, så hoppar du til Navigering.

Då WordPress 2.8 blei lansert, blei funksjonen body_class() introdusert, denne gjer at alle innlegg kan få sin eigen class utan at du må definere det manuelt. CSS kan utnytte dette. Eks.: body_class() skriv ut for dette innlegget. Ved å lage CSS-classes der eg inkluderer .single.postid-6749 og eksisterende element i single.php, vil eg kunne endre på formateringa til overskrifta i dette innlegget, utan at det går ut over andre innlegg. Moglegheitene for body_class() er mange. Nathan Rice var til stor hjelp på dette område.

Navigering

I motsetnad til tidlegare har ikkje Filmdagbok noko framside. Når du trykkjer på ei lenke eller tastar inn filmdagbok.heavysheep.com vil du hoppe rett inn på det nyaste innlegget.

Skal du sjå andre innlegg, lese meir, bla litt rundt omkring: Då har du pilene i navigeringa øverst på sida, venstre for eldre, den høgre pila — usynleg dersom du er i det nyaste innlegget — for nyare. For ei liste over dei ti siste innlegga trykkje du på Navigér 10 siste og ein meny vil dukke opp. Ynskjer du ei endå meir utfyllande liste så finn du lenka til Arkiv ved sidan av dei ti siste innlegga. Inne på den sida vil du også finne månadsarkiv, kategoriane og eit utval populære stikkord.

I menyen ved sidan av dei ti siste innlegga ligg dei ti siste kommentarane — som du kan trykkje på — og dei siste ti filmane eg har lagt til i lista over sette filmar. For å sjå den komplette lista over sette filmar trykkje du på Meir ved sidan av lista.

For å fjerne menyen igjen trykkjer du enkelt nok ein gong til på Navigér 10 siste, og den blir rulla opp igjen.

Inspirasjon og motivasjon

Lysta til å lage ein meir variert utsjåande blogg har vore lenge tilstades, men ikkje før eg tidlegare i haust kom over eit innlegg om blogazineThe Death Of The Blog Post – Smashing Magazine, byrja eg å tenke på og ta steget sjølv. Inspirasjon har eg frå sider som I Am Paddy, Gregory Wood, Dustin Curtis og Jason Santa Maria. Desse er av varierande grad gjennomførte som magasin, blogazine og rikare bloggar.

Ikkje alle kommande innlegg vil få ei spesiell utforming, dette på grunn av tanken om at lite motivasjon i skaping av nye utformingar ikkje skal hindre publiseringar av nye innlegg. Innlegg i arkivet vil heller ikkje få noko behandling.

RSS

Filmdagbok brukar RSS til å dele innlegg med, ved sidan av Twitter. Det på plass å informere om at spesielt utforma innlegg berre vil bli tilpassa vising i nettlesarar og ikkje mengda av RSS-lesarar. Det vil bli informert om kva innlegg som bør opnast i nettlesar, har du som eg ein RSS-lesar som støttar vising av stikkord, så sjå etter zine.

Prosessen og problem

Å lage dette tema har ikkje vore lett. Funksjonar eg har ynskja å bruke har vore vanskelege å oppdrive, og til mange spørsmål eg har stilt undervegs har eg vore nøydd til å lage svara sjølv. Med manglane kunnskapar innanfor PHP er dette ei utfordring.

I frå byrjinga av var det eit ynskje å nytte meg minst mogleg av funksjonar som set si lit til innstikk, då eg har mindre kontroll over kva innverknader oppdateringar av desse eller WordPress har å seie på kvarandre. Med unntak av wp-sIFR til bruk av varierte skrifttypar — valet fall på sIFR framfor den meir eksperimentelle @font-face — så har eg berre innstikk for å lenke saman innlegg om same film Microkid’s Related Posts, eit for filmlista WP Movie Ratings og eit for auka søkefunksjonalitet Search Everything som funksjonar ut til brukaren.

Av di eg har tydd til ein del forskjellige løysingar vil nok ikkje heile sida vere kompatibel med alle nettlesarar. Fokuset mitt er retta mot Safari, Firefox, Chrome og Opera på Mac, alt anna kjem i andre rekkje. Sidan runde hjørne er brukt her og der vil ikkje Opera-brukarar kunne sjå alt.

Fordeler

  • Tema med rom for variasjon i utforming av innlegg.
  • Lite behov for å byte tema for å variere i utforming.
  • Færre distraksjonar, meir kompakt navigering.
  • Alle funksjonane frå tidlegare finst endå.

Ulemper

  • Nokre vil sakne ei framside å skumme gjennom.
  • Kreative utformingar krev meir arbeid.
  • Omstillingsperiode for brukaren ved overgang til nytt tema.
  • Framtidig bruk av meir grafikk vil kunne føre til lengre lastetid.

Vegen vidare

Temaet krev innkøyring og bruk, med påfølgjande finpussing for å bli heilt ferdig. Optimalisering av kode og jobbing mot framtidige standardar som HTML5 og CSS3 vil skje i bakgrunnen etter tema er sett i bruk, og endå litt meir testing via nettlesarar på plattformer eg ikkje umiddelbart har tilgang til. Om noko er hårreisande feil, legg igjen ein kommentar eller finn kontaktinformasjon på info/hjelp/om-sida, som du kjem til ved å trykkje på i-ikonet som ligg i navigeringa.

Ei utfordring vil vere å jobbe med og lage utformingar til innlegg, men det er klart eg har nokre idear på lager og ser fram til å kunne servere noko ekstra på bloggen ein gong i blant.

På tampen, for å sitere Travis Gertz som så fornuftig uttalar seg: I don’t care about the results; it’s the journey that interests me.

Filmdagbok i ny drakt plakat - Filmdagbok