Filmdagbok i PDF

Skriv · · 28. november 2008

Den siste tida har eg jobba mykje med å setje saman ei samling av innlegga eg har publisert på Filmdagbok gjennom tidene i ei slags bok, resultatet er først og fremst ei PDF-fil, og den rommar ikkje alt som har vore publisert på Filmdagbok. Dei aller kortaste innlegga har blitt fjerna, og det har blitt fokusert på samlepostar, filmanmeldingar og tv-seriar. Boka har innhaldsliste, ei fullstendig filmliste på slutten og ein heilt kurant layout, det har teke lang nok tid.

Grunnen til denne samlinga er at eg ikkje kjem til å fornye heavysheep.com-domenet mitt ved nyttår, og at når det blir stengt 24. desember so vil ikkje sida leve lengre på internett, anna enn i denne PDF-utgåva (som skal finpusse på utover, men som ikkje kjem til å få nytt innhald). Dette er eit heilt naturleg tidspunkt å gi seg på.

Filmdagbok i PDF plakat - Filmdagbok