Filmdagbok på engelsk… igjen

Skriv · · 1. juli 2021

Filmdagbok er tilbake igjen på engelsk. Men berre delvis. Det er foreløpig eit fåtal utvalde blogginnlegg, lister og skriv som er omsett.

Brorparten av besøkarane til Filmdagbok ser ut til å kome frå utlandet, og det er for å legge tilrette for at dei hamnar på sider dei kan lese at omsettingsarbeidet har blitt gjort.

Engelsk versjon av ei side er tilgjengeleg når du ser English synleg i toppnavigasjonen på nettsida.

Filmdagbok på engelsk… igjen plakat - Filmdagbok