Filmrelatert nyttårsforsett, og snart godt nyttår

Skriv · · 28. desember 2006

I år 2006 har Filmdagboka skifta layout minst tre gonger. Bloggen har fått bilde både i header og innlegg, og innlegga har blitt både lengre og betre, tør eg påstå. Mykje gjenstår for å nå opp til eit ønska nivå, både i skriveflyt og kunnskapar. I 2007 skal eg forsøke å gjere bloggen betre. I første omgang blir det i form av å sjå mindre og betre filmar. Mykje av haustens innlegg har vore basert på filmar eg kunne ha klart meg godt utan, for å sei det mildt.

Grunnen til denne kommande kvalitetsreformen, om ein kan kalle det så, er først og fremst for min eigen del. Det har aldri handla om noko anna enn meg sjølv her, men eg deler gjerne tankar omkring sette filmar med andre, noko som var meininga når eg tok på meg å skrive litt lengre enn eg gjorde i 2004–2005. Og tilbakemeldingar er merkbare lyspunkt.

Oppsummert og forenkla: Eg skal sjå mindre film, eg skal sjå betre film. Eg vil fokusere meir på tema, og skrive temabaserte innlegg om det er mogleg. Eg skal prøve å legge meir vekt på å skrive tydeleg og subjektivt, og eg skal aldri meir sjå TV-produserte Star Wars-filmar laga til Thanksgiving.

Filmrelatert nyttårsforsett, og snart godt nyttår plakat - Filmdagbok