Første møte med wrestling

Skriv · · 19. november 2006

Innimellom kan eg finne på sprø ting, som å fullføre The Star Wars Holiday Special eller Biggles. Stort verre blir det ikkje, så galning kan eg ikkje karakteriserast som.

Å finne på å sjå wrestling var derimot ikkje min idé eine og åleine. Eg gjekk med på det som ei utfordring, og kanskje litt for å bevise at eg prøver å vere fordomsfri mot kva folk ser på som underholdning. Som utfordring tilbake til min gode venn, Mario, gav eg første sesong av The Office, som eg faktisk ikkje ser på som ei særleg utfordring, for The Office er berre heilt konge!

Så nullstilt som eg kunne klare av tankar om wrestling som følge av tidlegare inntrykk frå her og der, satte eg meg ned med WWE Raw, som skal vere det tøffaste av det tøffe, verkeleg A-klasse av wrestling. Opplegget er ei blanding av konfliktar mellom ulike skapte karakterar som wrestlarane spelar og slossing. Poenget med desse konfliktane er å skape ekstra overraskelsar for fansen av WWE, og skape eit liksom-grunnlag for slosskampen. Slossinga åleine er ikkje nok.

Slossing er i grunn eit feil ord, i mine auger er dette meir skodespel enn noko anna. Til tider brutalt, men eg misser kjensla av noko ekte. Men så er det mest showet dette handlar om. Det heile startar med ein intro med ein klyppefrekvens som kan utløyse epilepsi hjå ein frisk person. Vidare er det klyppinga som gjer dette litt puslete under kampane og. Like før eit skikkeleg slag eller spark blir vinkelen forandra, og kamera surrar rundt omkring i eit forykande tempo med lyskastarar frå alle sider som støtte.

Nokre augneblikk her er litt underholdande, men til sjuande og sist kokar det heile ned i at dette er eit for langt program med veltrente kjemper som skal vere mest grusomme og harde. Det lykkast på det område. Utøvarane her ser ikkje heilt gode ut. Ein slags kort konklusjon er at eit slikt wrestlingshow er grei underholdning viss ein klarar å sjå bort i frå at det heile er eit tillaga show. Så første møte med wrestling blir og det siste.

Første møte med wrestling plakat - Filmdagbok