Gratulerer med 7 år

Skriv · · 13. mars 2011

Det er 7 år og 3 dagar sidan Filmdagbok byrja som ein privat filmjournal på domenet filmdagbok.blogspot.com, og sidan den gongen er det berre ein månad der drifta har stått heilt i ro. Trass i mindre aktive periodar og ei nesten-nedlegging er Filmdagbok framleis oppe og går.

1841 innlegg av varierande lengde og kvalitet viser statistikken. Besøkarstatistikken sidan 2006 tel 120 000 page loads, 73 000 unique visitors, 62 000 first time visitors og 11 000 returning visitors. Desse tala betyr i grunn ikkje så mykje frå eller til, og om dei gir noko verdifullt bilde av besøkarane er òg usikkert. At nokon få finn vegen tilbake innimellom, så er det kjekt nok.

Takk for 7 år. Eg held fram, utan å spekulere i aktivitetsnivå eller noko som helst.

Gratulerer med 7 år plakat - Filmdagbok