Guide til tags

Skriv · · 8. mars 2008

Det finst fleire måtar å dykke i arkivet på Filmdagbok. Ein enkel måte er å søke i feltet til høgre, men det er to ting som ikkje kjem med der; filmar eg ikkje har skrive om (plassert i kategorien Skjult film) og tags.

TagsFilmdagbok var hovudsakleg tiltenkt regissørar. Woody Allen har sin eigen tag, og viss ein ser nærmare på oversikta over innlegg knytta til han vil ein sjå at både innlegg frå Skjult film og Temapostar vil vere å finne der.

Etter kvart tok eg til å bruke systemet for karakterar også, vil du sjå roten film så går du for eksempel innpå oversikta til karakteren 1.

Eg tenkte også det kunne vere greitt å gruppere enkelte filmseriar eller filmar som har noko anna til felles. Som Star Wars, eller Stephen King.

Ettersom eg ikkje har funne den rette måten å inkludere søking i tags til søkefeltet til høgre på sida finst det to måtar å finne fram til desse på: Eine er å gå via lenka heilt nederst på botten av sida som heiter Emneordsky, der finn du som brukar ein nettlesar med støtte for eksperimentell CSS ei alfabetisk liste i to kolonner, alle andre får opp ei lang enkel kolonne – bruk nettlesaren sin innebygde søkefunksjon her! Den andre er å gå inn via ein film og trykke på tags i metaboksen til høgre.

Eg trur dette var alt, lykke til!

Guide til tags plakat - Filmdagbok