Hans Petter Moland lagar gangsterkomedie

Skriv · · 25. mars 2009

Opptaka av den nye filmen En ganske snill mann av Hans Petter Moland startar i dag. Filmen skal vere ein mørk, underfundig gangsterkomedie. Med seg på laget har Hans Petter Moland fått ei rekke kjente skodespelarar.

Historien i filmen er som følgande: Ulrik er ute av fengsel etter mange år. Endeleg får han ein sjanse til å starte på nytt, men ny leilegheit og jobb på ein bilverkstad. Ulrik vil gjerne byrje eit verdig liv, men først har han ein uoppgjort rekneskap med tystaren som sendte han i fengsel.

Hovudrolla som Ulrik skal bli spelt av den ikkje ukjente Stellan Skarsgård. Dei andre rollane blir fylt av blant andre Bjørn Floberg, Gard B. Eidsvold, Bjørn Sundquist, Jannike Kruse, Kjersti Holmen, Jan Gunnar Røise, Aksel Hennie, Henrik Mestad, Jorunn Kjellsby, Jon Øigarden og Julia Bache Wiig.

Opptaka av filmen skal skje i Oslo. Kinopremieren er forventa i januar 2010.

Hans Petter Moland lagar gangsterkomedie plakat - Filmdagbok

Foto: Paradox AS