I glansen med unike innleggsdesign

Skriv · · 26. februar 2021

11. mai 2010 blei Filmdagbok vist fram i ein artikkel på WebdesignerDepot: Showcase of blogs with unique post designs. Tre av dei magasinliknande innleggsdesigna frå Filmdagbok på den tida blei vist fram i artikkelen. Det blei totalt laga elleve slike unike innleggsdesign for Filmdagbok. Men på grunn av mykje arbeid blei dette ein kortvarig måte å blogge på.

Det blei laga unike design for følgande innlegg med desse titlane. Dei som er lenka opp under kan du sjå via Bloggarkivet si side om Filmdagbok. Dei andre har det vore vanskeleg å oppdrive, på grunn av manglande lagring på Wayback Machine og korrupte GZ-komprimerte MySQL-filer frå den dåverande WordPress-sida.

I glansen med unike innleggsdesign plakat - Filmdagbok