IMDb har fjerna maskering av lenker

Skriv · · 6. april 2021

Nyleg oppdaga eg at IMDb har fjerna maskeringa av lenker til eksterne meldingar.

Eksempelvis har eg registrert meldinga av den norske filmen Alle utlendinger har lukka gardinerAlle utlendinger har lukka gardiner (2020) – External Reviews – IMDb.

Tidlegare var alle lenkene gjort om til maskerte vidaresendingslenker hjå IMDb, noko som resulterte i at dei var vanskeleg for tenester å forstå at lenkene låg på IMDb. Dette var mest sannynleg på grunn av at IMDb hadde ei form for registrering av klikk på desse lenkene.

Etter endringa har heller ikkje attributten nofollow blitt lagt til. Denne er vanlegvis brukt av ei side for å signaliserer til søkemotorar at lenke ikkje skal følgjast. Kort fortalt betyr fråveret av nofollow at lenkene til Filmdagbok frå IMDb har ein større verdi i søkemotorarane si forståing av samanhengen mellom IMDb og Filmdagbok i desse tilfella.

Mange av lesarane til Filmdagbok kjem frå IMDb, så det blir spennande å sjå om endringa gir noko utslag for lesarmengda.

IMDb har fjerna maskering av lenker plakat - Filmdagbok