Katakombefilm 2007

Skriv · · 7. oktober 2007

Katakombefilm i eit mørkt kjellarlokale der vanndammane på golvet aldri tørkar opp. Eit avstengt område for resten av verda. Samlingslokale for ei lita gruppe filminteresserte norske bloggarar og andre ein gong i året, under kommandoen til Fred Ut. Ein laurdag i Skien utan anna enn film på programmet. Sjølv tok eg den grusomt lange turen frå Trondheim for andre år på rad for å sjå følgande filmar. Lenker som likegodt kan komme før skrivinga: Fred Ut om Katakombefilm i ettertid, Espen Iversen likeeins. Skrytet deira speglar mine tankar veldig godt og sparar meg for skriving!

Mechenosets frå 2006. Ein mørk og dyster russisk film om ein mann med spesielle emner. Emner som lett kunne ha skapt ein superhelt i ei anna samanheng. Her møter me ein forstyrra mann på flukt frå politiet. Som med noko eldre russisk film er handlinga tydleggjort med bilda. Men djubde manglar, både karakterar og historie føles litt platt. Trass i dette var Mechenosets ein fin start på dagen. Vurdering: 6/10.

Neste på programmet: Den japanske kortfilmen Armchair Theory. Ei fantasifull vegleiing til korleis mannen skal få kontakt med ei kvinne, lagt opp med ein steg-for-steg del etterfulgt av punkta i praksis. Humoristisk vinkling og overdriving utan like, Armchair Theory er meint å vere og blir useriøs undervisingsfilm med eit snev av sanning. Vurdering: 8/10.

Kanskje min favorittfilm for dagen. Indiske Kabul Express handlar om to journalistar i Afghanistan, spela av to Bollywood-stjerner. Ingen typisk Bollywood-film. Fråver av dei tradisjonelle songnummer og ei lengde på halvannan time. Filmen klarar på ein fin måte å ta opp seriøs problematikk utan at det går på bekostning av ei god stemning, eller at det blir noko einsretta syn mot USA, Taliban eller andre. Vurdering: 8/10.

Som avbrekk før neste film stod Doctor Who med episoden The Girl in the Fireplace på programmet. Eg har sett eit par episodar tidlegare utan å bitt meg meir merke i serien. Eg blei derimot positivt overraska når denne episoden rulla over lerretet i Katakombefilm, dette var god tv! Fint drama, spennande, god struktur, The Girl in the Fireplace har vunne prisar og kan nok stå som eit sterkt eksempel på bra episodisk tv. Nesten som ein film med begrensa teknisk budsjett på 45 minuttar.

The Ninth Configuration var tredje langfilm, klokka var allereie blitt 17.45. Men så gjekk tida seinare. Filmen har kvalitetar; eit godt behandla tydeleg tema og mange gode enkeltprestasjonar. Det startar lett med humoristiske innslag i den militære psykriatiske institusjonen handlinga er lagt til, for så å flytte seg gradvis meir mot å vere alvorleg på eit semifilosofisk nivå. Gode vriar og hyggelege referansar bidreg til å heve kvaliteten. Problemet er at filmen tek seg altfor god tid til det meste og blir ei tålmodigheitsprøve utan like i Katakombefilm-samanheng. Vurdering: 6/10.

Nils J. Nesse hadde teke med seg kortfilmen sin Refusert som viste seg å vere veldig god. Kort sagt handlar det om manusforfattaren som gjer seg nytta av tilbodet frå Norsk Film Utvikling om prøverom (få manuset framført av etablerte skodespelarar).Fortfilmen var morosam og virka å vere godt likt av Katakombefilm-publikum. Eg skriv under på at dei tretti minuttane gjekk unna. Vurdering: 7/10.

Teenagers from Outer Space er ein av dei verkeleg klassiske B-kalkunane (sitert Fred Ut frå programmet). Simpelt handlingsforløp, dårlege skodespelarar, elendige effektar. Ingenting er på plass her, noko som sjølvsagt gjer det til strålandes underholding. Årets Diabolik blei det sagt. Teenagers from Outer Space ligg trygt nærare morosam dårleg enn kjedeleg dårleg. Greia med at romvesen utsjåandemessig lik menneske kjem til jorda for å oppdra dyr identisk utsjåande med hummer er god. Det er likevel skodespelarane si håndtering av dei som skapar mest latter. Til å vere ein film frå ein 50-pack som i tillegg innheld ein veldig grusom film om aliens og julenisse som Fred Ut viste meg deler av i fjor er eg fornøgd! Vurdering: 6/10.

Kort pause før Dai zek lou, som alle pausane denne dagen. Johnnie To gir oss ei sjangerblanding av ein film utan like. Kampsport, politifilm, overnaturlege krefter, grøssar, romantikk, religion, komedie. Utan klare skilje. Den gode skodespelaren Andy Lau gjer hovudrolla i ei utruleg teit muskeldrakt. Så seint på dagen vart Dai zek lou i overkant av blanding, mot slutten heller slitsomt. Men den har kule slossecener og er på ingen måtar einsformig. Berre litt rotete. Greia er at eg veit Johnnie To kan lage betre, langt betre, film. Fong juk hadde eg stor glede av tidlegare i år. Vurdering: 6/10.

Faster, Pussycat! Kill! Kill! kl. 00.40 var avslutningsfilmen og hadde overraskande god oppslutning, tross tidspunkt og mange firkanta auge. Sjølv har eg sett filmen før, utan å blitt overbevist om noko. Denne gongen fungerte den litt betre. Gjort merksam på det tekniske blei eg sittande å fokusere mykje på det, som fint kameraarbeid og stødig klypping. Bilkøyringa er kul, damene er tøffe, mennene er i blant undertrykkte, men aldri utelatt. Unekteleg trøytt kan vere litt av grunnen, men filmen nådde ikkje toppen på skalaen denne gongen heller. Vurdering: 7/10.

Katakombefilm 2007 plakat - Filmdagbok