Katakombefilm 2010

Skriv · · 21. september 2010

For tredje år på rad kom eg meg ikkje til Skien, på det eg ser på som eit av høgdepunkta på filmbloggarfronten og ein av godene ved å starte filmblogg for 6 år sidan. Det er snakk om Katakombefilm, den femte i rekkja, ein knøttliten filmfestival som i år byrja laurdag 18. september kl. 12.00 og blei avslutta natt til søndag kl. 02.00.

Sidan ingen unnskyldningar er gode, som mangel på bil, stor avstand og ny jobb, så håpar eg på ny festival til neste år og forhåpentleg deltaking frå mi side. Som tidlegare har vist, så har eg komme meg til Skien over store avstandar utan bil i travle studiedagar utan problem.

For å kompensere litt kjem eg med ei lenkjeliste til dei som var tilstades på Katakombefilm 2010 og har delt opplevingane sine i ettertid. Og satsar på å leggje til eit par til etter kvart.

Er du berre nysgjerrig på kva filmar me såg? Sjå oversikta i listeinnlegget Katakombefilm – K5 (2010).

Katakombefilm 2010 plakat - Filmdagbok