Konflikt rundt Kongen av Bastøy

Skriv · · 8. mars 2009

Lars Saabye Christensen trekk seg frå den norske storfilmen Kongen av Bastøy i følge Dagbladet. Årsaka skal vere ei betydeleg omskriving av det orignale manuset til forfattaren.

Forfattaren skal vere misnøgd med produsent Karin Julsrud og produksjonsselskapet 4 1/2, som har henta inn den svenske dramatikaren og forfattaren Dennis Magnusson for å skrive om manus og angiveleg gjere det meir actionfylt.

Mette M. Bølstad og eg meinar at me har skrive ein annan type film, som handlar om den kanskje aller styggaste handsaminga av barn i historia til Noreg, seier Lars Saabye Christensen.

Kongen av Bastøy er den største norske filmproduksjonen publikum vil bli servert etter suksessen Max Manus. Han er basert på dei verkelege hendingane som skjedde på den fengselsliknande guteheimen Bastøy i 1915, då eit opprør blant dei unge innsette brutalt blei slått ned av norske myndigheiter. Det er ein spennande og actionfylt historie om 17-åringen Erling, som kjem til øya med eit einaste mål – å komme seg bort derifrå.

Konflikt rundt Kongen av Bastøy plakat - Filmdagbok

Foto: Agnete Brun, Euforia Film