Korleis skriv du ei filmmelding?

Skriv · · 11. august 2021

Det er mange måtar å skrive ei filmmelding på. Her skal eg skal gå gjennom ein måte å gjere det på, som er den subjektive eller personlege måten.

Eg meiner at måten du ser ein film på er personleg, då du er eit unikt indivitet. Det går an å vere objektiv eller utelukkande skildrande når du skriv om ein film, men då er det eit faktaark og ikkje ei filmmelding du skriv. Ved at du er subjektiv når du skriv om ein film, betyr det at dei som les filmmeldinga kan relatere seg til deg og det du skriv, og får noko ut av det på den måten. Det er difor viktig å få med nok om det du meiner om filmen, og skrive argument som grunngir meiningane dine, for at lesarane skal få utbyte av teksten din.

Dette innlegget vil ikkje forklare deg korleis du skriv ei filmanalyse, då det er eit format som som tek eit meir tilnærma objektivt utgongspunkt. Men om du vel å bruke ei framstilling av dine analytiske evner som ein metode for å få fram synet ditt på filmen, så er det ingenting i vegen for det.

Sjå filmen

Først av alt bør du sjå filmen. Og mens du ser han, prøv å tenke ut kvifor du likar eller ikkje likar det du ser. Ta gjerne notat.

Lag eit utkast

Set opp ei liste over kva du vil at filmmeldinga di skal innehalde. Dette kan variere frå film til film. Her er eit forslag:

  • Introduksjon til filmen og kvifor du valde å sjå han.
  • Kort handlingsreferat, gjerne utan store avsløringar.
  • Det som du likte eller ikkje lite med filmen, og kvifor.
  • Ei oppsummering, gjerne om du frårådar eller tilrådar å sjå filmen.

Set opp nokre stikkord om kva deler av filmopplevinga du meiner er verdt å fortelje vidare om. Gjerne noko som fortel om kva du tykte var bra eller dårleg, interessant eller meiningslaust. Ting på alle moglege nivå frå som totalt sett utgjer om du kan sei at du likte eller ikkje likte filmen. Det kan hjelpe deg med å kome i gong med skrivinga.

Introduksjonen

Få med tittelen til filmen ein eller anna plass tidleg i teksten din. Det treng ikkje vere i tittelen på filmmeldinga. Om du vel å ta med andre tekniske detaljar om filmen, som kva år han kom ut i eller kven som regisserte han, vel du sjølv. Ein god regel er å tenke at folk må skjønne kva film det er snakk om tidleg i lesinga, eller kunne finne ut av det fort. Har du for eksempel sett ein film som heiter The Spy, så er det ein sopass generell tittel at du bør fylle på med meir informasjon. Slik at lesaren ikkje er i tvil om kven av filmane med denne tittelen dei ser.

Handlingsreferat

Som alle andre deler av ei filmmelding er det valfritt om du vil ta med eit handlingsreferat. Du kan velje å ta utgongspunkt i at lesaren ikkje veit noko om filmen frå før av, eller at han veit mykje. Ei oppsummering av handlinga kan vere nyttig for mange. Då tek du høgde for at dei som les ikkje må bruke tid på å lese om filmen andre stader før dei held fram lesinga av filmmeldinga di.

Dine meiningar

Dette er det eg meiner at er den viktigaste delen av ei filmmelding. Det er stort sannsyn at nokon les filmmeldingane dine for å finne ut kva du meiner, og om dei skal sjå filmen sjølv. Det kan også vere at dei berre ønskjer å lære litt om ein kva ein film handlar om, så der har du ein ekstra grunn til å ta med eit handlingsreferat.

Du kan meine så mangt om ein film. Det er ikkje alltid lett å setje ord på kva som gjorde ein film god eller dårleg. Og det kan vere at du har sett ein film og likte han, men tykkjer det er lettast å komme på dei dårlege sidene ved han. Eit tips er å tenke på kor mykje du skriv om det positive og det negative, og at det passar med oppsummeringa og eventuelt eit terningkast du gir filmen. Gir du ein film terningkast 6, så gir det mest meining at filmmeldinga di stort sett har bra ting å sei om filmen.

Prøv å få til ei oppbygging av meininga dine som gir meining til lesaren. Det kan vere alt frå å gå kronologisk gjennom filmen frå start til slutt. Det kan vere å sei noko om dine forventingar til filmen eller sjangeren, og om kvifor eller kvifor ikkje dei oppfylte desse. Du kan for eksempel liste opp åtte ting du likte om filmen, og to ting du ikkje likte, og gi han 8 av 10 stjerner til slutt.

Det er når det handlar om dine meiningar du kan setje ditt preg på filmmeldinga. Du kan vere svært personleg og knyte ei sterk historie på film til eigne opplevingar. Du kan briljere med din kunnskap om ein undersjanger og påpeike manglar med filmen.

Som eg var innom i byrjinga av blogginnlegget, så har du også den analytiske tilnærminga. Det treng ikkje vere ei tørr og teknisk oppsummering, men kan like godt handle om fargebruken på kameraarbeidet, og kjenslene du opplever som følge av fargebruken.

Her er ei kort liste over nokre fleire deler av ein film du kan reflektere rundt. Hugs at det å grunngi det skriv at du meininer, er det som gjer at lesaren kan forstå ståstaden din. Og på den måten kunne tenke seg fram til om han eller ho sjølv kan like filmen.

  • Stilart (kunstnarisk, realistisk)
  • Sjanger
  • Historie eller oppbygging
  • Tema
  • Bodskap
  • Filosofi, politikk eller ideologi
  • Involverte personar (regissør, manusforfattar, produsent, skodespelar)

Oppsummering

Ei oppsummering av filmmeldinga di bør kunne lesast åleine. Kanskje lesaren ikkje er oppteken av å lese kva filmen handla om, eller gå i djupna på kvifor du likte eller ikkje likte filmen. Han eller ho er kanskje mest oppteken av om dette er ein film verdt å sjå. Så hald oppsummeringa kort. Bruk eit par setningar på å grunngi, og avslutt så med om du tilrår eller ikkje nokon andre å sjå filmen. Det kan vere retta mot alle, eller spesielt interesserte i ein bestemt sjanger eller type film. Få det med kven du tilrår til, så det ikkje er nokon tvil.

Karakter eller terningkast

Det er mange måtar å setje tal på meininga di. Det som går igjen er terningkast frå 1–6 og stjerner frå 1–5 eller 1–10. Du kan også velje å ikkje setje noko tal. Det spørs kven du vil nå ut til. Nokon bryr seg berre om terningkastet, mens andre er interessert i det du har skrive.

Korleis skriv du ei filmmelding? plakat - Filmdagbok