Kva er regionalsperre?

Skriv · · 20. juni 2002

For at ikkje kinoane i Noreg skal lide av at filmar blir lansert på DVD i USA, er det innført regionale sperringar på platene. Dette inneber i korte trekk at plater frå USA ikkje kan bli spelt av på europeiske spelarar, om omvendt. Verda er delt opp i seks soner, men det er først og fremst sone 1 og sone 2 som angår oss nordmenn. Derimot er Noreg i same sone som Japan, så import derifrå går smertefritt.

For dei fleste DVD-spelarar finst det ein moglegheit til å modifisere, slik at dei kan spele av filmar frå fleire soner enn den europeisk. Det er ikkje forbode å modifisere ein DVD-spelar, og ved å gjere dette opnar det seg ein langt større marknad med DVD-filmar. Ei meir nøyaktig oppdeling av sonene er:

Det bør nemnast at det ikkje vil bli brukt regionale inndelingar på DVD-audio.

Så kva koster ein DVD-spelar? Og kva med filmane?

Alt frå eit par tusenlappar og opp til godt over det tidoble. Du får ein gunstig spelar for same prisen som ein video, og med langt betre kvalitet. Både på bilde og lyd. Uheldigvis er det som nemnt over ikkje mogleg med opptak endå. Iallfall ikkje til denne prisen. DVD-ROM-spelarar til PC får du kjøpt frå 500 kroner og opp til cirka 1500 kroner. Hugsa at du også trengt eit MPEG2-kort for å kunne spele av filmane utan hakking i bilde. Desse ligg på rundt 1000 kroner.

Filmane kostar litt forskjellig, mykje avhengig av kva region du kjøper frå. Dei europeiske sone 2-filmane kostar som regel frå i underkant av eit par hundrelappar og oppgover til nærare 300 kroner, men sjeldan meir. Kjøper du sone 1-plater frå utlandet må du rekne med norsk moms og fortollingsgebyr. Noko som gjer at dei som regel ligg på eit høgare prisnivå. Det er også mogleg å kjøpe sone 1-filmar i Noreg. Desse er også nødvendigvis dyrare enn sone 2-filmar.

Kva er regionalsperre? plakat - Filmdagbok