Litt nytt

Skriv · · 23. juni 2006

Klokka er no litt over 19.30, og for dei som har besøkt sida i løpet av dei siste timane er det ingen bombe at det er komme nytt design på sida.

Endringane er ikkje revolusjonerande, mykje er bevart. Men mykje var uansett oversiktleg nok frå før. Det nye themet er som før basert på WordPress modifiserte versjon av Kubrick, og ikkje bygd opp frå botnen av, ettersom det vart for mykje arbeid. Themet er sikker full i tullete kode på grunn av dette, men så lenge det virkar. Sjå tema på Kubrick-tema – Bloggarkivet.

Kanten rundt sida er meint å sjå ut som glas, og ideen er ikkje ny. Både sida til tidlegare nemnte Kubrick og ignorantcow har dette. Toppen av sida er nok mest inspirert av ignorantcow, men tru meg, all grafikk er laga frå botnen av igjen.

Teksttype og storleik i innlegga er endra, til same oppsett som Gjemmestedet, fordi det er pent. Lenkene i innlegga ser mykje like ut som The Oz Politics Blog sine, og igjen, som Gjemmestedet sine. Gjemmestedet er lagt ned, men innlegg kan bli lese på Gjemmestedet – Bloggarkivet.

Eg har installert ein plugin for å få opp dei siste kommentarane, denne pluginen fann eg på The Oz Politics Blog.

Etter kvart vil eg prøve å få oversatt det meste av småting til nynorsk, bortsett frå kategoriane som er ein filmsjanger. Sida er foreløpig berre testa skikkeleg med Opera 9, og enkelte småfeil på tvers av dei store nettlesarane som Firefox og Internet Explorer finst. Dette vil eg endre på etter kvart.

Det nye headerbilde er forresten Thora Birch om det var nokon tvil, frå Ghost World.

Legg gjerne igjen ein kommentar med konstruktiv kritikk, eigne meiningar eller kva det skulle vere.

Litt nytt plakat - Filmdagbok