Litt om Bjørn Sundquist

Skriv · · 13. mars 2001

Bjørn Richard Sundquist blei fødd i Hammerfest den 16. juni 1948. Han vaks opp i ein by under oppbygging, etter at tyskarane øydelagte mykje under andre verdskrig. Som 16-åring blei han lurt med til å delta i eit lokalt amatørteaterstykke. Og resten, som me alle veit, er norsk teaterhistorie. Det er likevel frå kinolerretet dei fleste kjenner Bjørn Sundquist som den meste brukte filmskodespelaren i Noreg. Han har spelt i over 40 filmar på 20 år. Heilt sidan han vann kritikarprisen for spelefilmdebuten i Kronprisen i 1979, har han vakse med rollane til i dag. Mange vil hevde at han er den mest talentfulle skodespelaren i Noreg.

Dette har han også få bevist, med noregsrekord i talet på Amanda-prisar. Han har foreløpig vunne tre stykk i klassen mannlege skodespelar, for filmane Over grensen frå 1987, Søndagsengler frå 1996 og for tittelrolla i krimserien Sejer - Djevelen holder lyset frå 2000. I sistnemnte spelte han drapsetterforskaren frå Karin Fossums populære romanar. Det var ein figur han også portretterte i kinofilmen Evas øye og i fleire førsteklasses tv-seriar.

Som for å understreke rollen han har hatt i norsk film, fjernsyn og teater så fekk Bjørn Sundquist også æresprisen i Amanda i 2000, i ein alder av 52 år. Han er med det ein av dei yngste som har motteke æresprisstatuetten, då han var eit halvt år yngre enn då Liv Ullmann i si tid mottok han.

I 2002 blei Bjørn Sundquist også til noko av ein kultperson då han hadde ei rekke sprø framføringar på Åpen post, eit program med Bård Tufte Johansen og Harald EiaNRK. I tillegg til rolla han hadde som Frank Melhus i den sprø humorserien Endelig fredagTV 2. Trass i stjernestatusen har Bjørn Sundquist vunne popularitet gjennom, forutan talentet, sin sjølvironi og mangel på stjernenykkker. I 2002 veksla han mellom så forskjelige ting som komedie på tv, medverknad i storfilmen I Am Dina og ei birolle i Cowboys Don't Cry, ein av eksamensfilmane på Den Norske Filmskolen.

Bjørn Sundquist er i dag freelance ved blant anna Nationaltheatret, etter fleire år ved Det Norske Teatret. Han bur med familien på Nesodden utanfor Oslo.

Litt om Bjørn Sundquist plakat - Filmdagbok

Foto: Jarle Vines