Norsk film er populært

Skriv · · 29. november 2007

I ei markedsundersøking utført av Synovate, på oppdrag frå Norsk filmfond, svarar sju av ti nordmenn at dei likar norske filmar. Målinga viser også at dei færraste har dårleg inntrykk av norsk film.

– Det er spesielt oppløftande for oss å oppleve at den gode statistikken er stabil, noko som tyder på at norsk film har klart å gjere eit inntrykk over tid, seier direktør Elin Erichsen i Norsk filmfond.

Tre gonger tidlegare har Norsk filmfond undersøkt kva nordmenn tykkjer om norsk film. I mai og november i 2006, og tilsvarande rundar i år. Delen av dei som tykkjer at norsk film er skikkeleg dårleg har sunke frå to prosent til ein prosent i løpet av denne tida.

Norske filmar er best likt innanfor den aldersgruppa som går mest på kino, som er alderen 20–39 år. Her gir åtte av ti uttrykk for at dei tykkjer at norske filmar er gode.

Målinga viser og ein positiv framgong når det gjeld kunnskap til kva norske filmar som er vist på kino. Totalt kan 27 % av folket nemne minst ein av filmane som har gått sidan sommaren utan hjelp. Mens tilsvarande måling viste 15 % i mai. Filmane Switch og Tatt av kvinnen scorar høgst.

Kjelde: Norsk filmfond

Norsk film er populært plakat - Filmdagbok