Ny layout

Skriv · · 15. september 2006

Klokka er 21.00 og den nye layouten er tilnærma ferdig. Frå tidlegare å ha basert FilmdagbokKubrick-inspirerte tema, har eg gått over til ein modifisert versjon av Rounded V2, som er å finne i WordPress Codex.

Du kan sjå tema på Kubrick-tema – Bloggarkivet og på Rounded V2 Blue Edition-tema – Bloggarkivet.

Deler av sida er igjen flytta til sidebaren, som Meta og Lenker som tidlegare vart flytta over på eigne undersider, samt aktuelle TV-seriar. Det er ingen spesielle tankar bak dette anna enn at det er fint med litt forandring.

Hovuddelen av sida, innlegga, skal vere tilnærma same formatering som før, det er iallfall planen. Er det derimot feil her så hadde ei tilbakemelding vore fint. Datoen på innlegg nr. 6 på framsida og nedover er av ein eller anna merkeleg årsak forsvunne frå framsida, dette er ein kjent feil.

Ein av dei større merkbare forskjellane frå forrige til noverande tema er headeren. Alt etter kva oppløysing det er på skjermen vil den vise forskjellige skjermdumpar eller filmrelaterte bilder. Sjølve tittelboksen kan vere litt uklar eller forstyrrande, men ein plass må den vere.

Med det nye temaet viste Live Extended Search-innstikket seg å virke, så skal du nytte søket er det berre å skrive inn og vente i 2–3 sekundar. Trykker du derimot Enter kjem du fortsatt til ei side med søkeresultat lik den gamle, berre ikkje finjustert.

Har du lest så langt vil eg gratulere deg for tålmodigheiten, og håpe at dei nye friske fargane alt i alt gir ei betre brukaroppleving.

Ny layout plakat - Filmdagbok