Oppdateringar i veke 15

Skriv · · 16. april 2021

Filmdagbok har blitt oppdatert med ny funksjonalitet i veke 15.

Opplistinga av innhald på framsida har fått inn både lister og skriv i kronologisk rekkefølge.

Søkefunksjonen har fått ei overhaling, med sortering av resultat etter blogginnlegg, lister, skriv og personar (skodespelarar, regissørar og manusforfattarar).

Presentasjonen av lister har fått eit løft. No finst det topplister med underlister som på Topp 100 filmar frå 45 regissørar og lister med kommentarar til listepunkta som på 4 beste: Kurtwood Smith.

Skriv har også fått plass i toppmenyen. Dei tre typane innhald som blir publisert på Filmdagbok er blogginnlegg, lister og skriv.

Oppdateringar i veke 15 plakat - Filmdagbok