Oslo rådhus i Chicago-basert film

Skriv · · 23. desember 2020

I filmen Midnight at the Magnolia følgjer vi ei mann og ei kvinne som bur og jobbar i Chicago. Filmen er ein julefilm utan det høgste budsjettet, og det betyr ofte arkivfoto i mellom scenene for å etablere staden for handlinga.

Etter cirka fem minuttar og femti sekundar får me eit arkivfoto av Oslo rådhus, med Astrup Fearnley i forgrunnen. Filmen har ingenting med Oslo å gjere, og kjem aldri tilbake og forklarer bruken av oslobilde.

Arkivfoto av denne typen er ganske typisk for mange julefilmar, men dei pleier i det minste å vere frå rett by. Å blande Oslo og Chicago er litt av ei bragd.

Oslo rådhus i Chicago-basert film plakat - Filmdagbok