Planet of the Apes samlepost

Skriv · · 1. juni 2006

Pierre Boulle, mannen bak romanen som la grunnlaget for filmen The Bridge on the River Kwai, har og skrive romanen som seinare har blitt både spel, TV-serie, grafisk roman og ikkje minst filmserien om Planet of the Apes. Dei siste dagane har eg tatt meg tid til å sjå først og fremst dei fem første filmane frå 1968, 1970, 1971, 1972 og 1973. I tillegg har eg sett opp igjen den moderne versjonen frå 2001, som verka å ha tolka boka på ein anna måte.

Dei gamle filmane har ei god blanding av psykologi og eventyr, og stiller mange aktuelle samfunnsspørsmål frå perioden romanen blei skriven, og som fortsatt er aktuelle i dag. Ting som eg kjenner igjen, men mi endå magre utdanning, er blant anna rasisme, undertrykking, krig som våpen for fred og redsel for det framande. Dei kan fungere godt som underhalding likevel om ein ikkje tenker på dette, men har også ei djupare meining. Om Tim Burton sin moderne versjon frå 2001 er like eins, så er det iallfall mykje vanskelegare å legge merke til dette der. Eg klarte ikkje å sjå den anna enn som rein underhalding, og tykkte den var veldig knapp på å få fram noko djupare historie.

Sidan Planet of the Apes frå 2001 var den første filmen eg såg, kan eg kort oppsummere den først. Filmen tek ei anna retning frå første minutt enn det romanen til Pierre Boulle handlar om. I ein romstasjon nær eit elektromagnetisk felt blir apekattar opplært til å flyge romskip, ein av apekattane forsvinn under ein prøvetur inn i feltet og protagonisten, Leo (Mark Wahlberg), reiser etter for å finne apekatten. Han blir slynga inn i framtida og landar på ein planet der apekattane viser seg å vere overlegne menneska.

Historien bak Planet of the Apes frå 1968 er ganske så annleis. Eg reknar med dei fleste er kjente med iallfall den første filmen i serien, og kjem difor med nokre avsløringar. Mannskapet på eit romskip, inkludert Charlton Heston som Taylor, tek rundturen i verdsrommet og landar på jorda igjen cirka 2000 år etter. Det viser seg at apekattar er den herskande rasen, og menneska er redusert til tause, ville dyr. Bak dette ligg ei betre detaljert historie, som dei tre siste filmane i serien grunngir betre. Satt på spissen kan ein forklare Planet of the Apes frå 2001 med at filmen har brukt det som passar seg best frå alle dei fem gamle filmane, bygd det opp rundt ei historie som har visse likheiter med 1968-versjonen, og elles justert resten alt etter som det passar seg.

Eg skulle gjerne ha skrive meir rundt romanen og TV-seriane, men førstnemnte har eg ikkje lese, og TV-seriane har eg tilgode å få tak i. Så snart dei er sette, så vil denne posten bli oppdatert. Inntil då er anbefalinga mi iallfall å sjå dei to første filmane, og etter det vurdere vidare om interessa er stor nok til å sjå dei tre neste. Av dei gamle.

Filmane

Kjelder

Planet of the Apes samlepost plakat - Filmdagbok