Podcast spesial

Skriv · · 23. november 2006

Å navigere jungelen av podcasts eller audio shows er ikkje lett. Store samlesider har som regel eit hav å bla seg gjennom, og altfor mange med gode reviews eller stemmer til å velge ut i frå. Ikkje nok med det, kjem ein uheldigvis over dei verste først kan motet synke og håpet bli gitt opp. Eg har difor samla dei få film og TV-relaterte programma eg høyrer på for tiden, forhåpentleg kan dette komme til nytte. Fordelen med å ha eit par gode podcasts er at ein får med seg det største av det som skjer i filmverdenen.

Cinema Blend

Det er like greitt å starte med det første programmet eg høyrte på, og fortsatt gjer. Cinema Blend har døypt programmet sitt The Weekly Blend Audio Show og sender som tittelen hintar til, ein gong i veka. Her blir det diskutert filmnytt, generell film og aktuelle TV-seriar som The Office og Heroes. I tillegg kjem det reviews på kino og DVD-filmar. Alt i ein akkurat passe uhøgtidleg tone. Gå til cinemablend.com for å laste ned.

Filmspotting

Adam Kempenaar og Sam Van Hallgren er to amerikanske filmnerder frå Chicago som verkeleg kan diskutere film. Det kjem godt igjennom at dei har peiling når dei anmelder aktuelle kinofilmar på ei vekeleg basis, innimellom oftare. Dei serverar gode 5 på topp-lister kvar veke, tek i mot tilbakemelding frå lyttarar og kjem av og til med gode intervju av kjente filmnamn. Gå til filmspotting.net for å laste ned.

That’s What She Said

Denne podcasten er fullt og heilt dedikert til NBC-serien The Office. Her blir kvar nye episode plukka frå kvarandre og analysert få dagar etter den er gått på TV. Programmet kan vere langt, men er overraskande godt til å berre handle om ein ting. Eit absolutt grunnlag for å høyre på dette er å ha sett episoden dei snakkar om. Elles er også bloggen god på generelle nyheiter om The Office. Gå til thatswhatshesaid.libsyn.com for å laste ned.

The DVD Marquee

Ikkje den flittigaste oppdaterte podcasten, men fortsatt oppe og går. Som tittelen hintar til er det fokus på DVD som er tingen her, og då i form av anmeldelsar. Både filmen, lyd og bilde, og ekstramateriale blir sett nærmare på. Gå til thedvdmarquee.com for å laste ned.

The Frat Pack Tribute

Endå eit smalt program, men ikke så smalt som That’s What She Said. Her blir alt som alle The Frat Pack-medlemmane driv med tatt opp. Diverre ikkje den mest spennande programleiaren, men sjølve programmet er ganske så informativt. Gå til the-frat-pack.com for å laste ned.

Podcast spesial plakat - Filmdagbok