Roskilde Festival

Skriv · · 7. juli 2006

I mellom blå himmel og støv, urinstank og god musikk var det også film å finne på Roskilde Festival. Tradisjonen tru var Roskilde Cinema opent frå campen opna, og viste mellom 25–30 forskjellige filmar, frå konsertar til ein førpremiere av The Road to Guantanamo, som eg stod tre meter for langt bak i køen til å sleppe inn på.

Eg fekk derimot sett to andre filmar før festivalområde blei opna for fullt, og konsertane tok merksemda frå meg. Desse nemnte eg for ikkje mange dagane sidan. Og no er dei oppdaterte: Batman Begins og Bronenosets Potyomkin.

Roskilde Festival plakat - Filmdagbok