Så lenge han har fire hjul #2

Skriv · · 18. desember 2007

1. Volkswagen Bus er ein av mine all time-favorittbilar, så det er ikkje å fornekte at Little Miss Sunshine gjorde det godt allereie på filmtrailer og plakatstadiet, då dei fleste sentrale bilda hadde med denne skjønnheita. Ingen dum ting det eigentleg, sidan det er vanleg å avbilde dei mest sentrale stjernene i slike samanhengar og Volkswagen Type 2 er ein av stjernene i Little Miss Sunshine. Gulfargen får meg om mogleg i endå betre humør når eg ser bilen.

2. Jacob etterlyste Christine, ei sjalu jente av typen som gjerne skapar trøbbel for menn ute etter eit pent statussymbol. I John Carpenter-adapsjonen av Stephen Kings Christine har den sjalu jenta teke forma til ein Plymouth Belvedere 1958-modell og ordet bil har fått ei ny meining då den udødelege maskina byrjar å herje med sjåføren sine bekjente. Eg vil nok aldri opparbeide nok mot til å sette meg bak rattet på ein slik bil etter å ha sett Christine, sjølv om det unektleg hadde vore ein opplevelse å cruise rundt med skulens mest populære jente og 1950-tals hits på radioen ein flott sommardag.

3. Tredje bil ut er frå Woody Allen sin 1973-film, Sleeper, namngitt Woody Allen Sleeper Car. Det ser kanskje ikkje som bilen har hjul under der ein plass, men det er synleg på film. Seta ser ikkje spesielt komfortable ut og sikta må vere ganske elendig, på ei anna side vil bilen tåle alder godt (om motoren held) – med sitt futuristiske design er den skapt for å overleve fleire hundre år der tradisjonelle bildesign stadig må skiftast ut. Er berre litt skeptisk til om den er laga i PVC, for eg vil nødig vere miljøsvin om den må kastast.

4. Vil politiet finne på å stoppe ei hurtig ku på landevegen er spørsmålet eg stille meg når eg ser denne spesiallaga Mad Max Beyond Thunderdome-bilen, om ikkje kunne eg gjerne tenke meg å teste toppfarten til kviga - så rart det enn kan høyrast ut. På baksida, usynleg på dette bilde, sit det enkel, men effektiv motorikk klar til å bidra til toppfart. Det evigaktuelle miljøspørsmålet kan øydelegge mange gleder, men ikkje gleda bak det store antallet eksosutløp her – for å ha ei ku ståande i hagen ville ha gjort like stor skade.

5. Bilde nummer fem er ikkje heilt korrekt på bilde, då dei to utgåvene av Toyota 2000GT i James Bond-filmen You Only Live Twice hadde avsaga tak, visstnok fordi Sean Connery ikkje fekk plass i kupeen. Spesialutstyr var det lite med, ein tv-skjerm skal i følge fansider ha vore einaste tilbehøyr. Det gjer meg derimot ingenting, sjekk dei pene frontlyktene og det lange, slanke panseret. Sidan bilen er datert 1967 høyrer det vel med å ha den parkert framfor huset med eit par pene modellar på panseret, må jo følge tida!

Så lenge han har fire hjul #2 plakat - Filmdagbok