Sesongavrunding veke 20

Skriv · · 18. mai 2007

Fleire av seriane eg følger fast med på har hatt si sesongavslutning denne veka, og for å spare meg for antall innlegg har eg kutta ned på tekstmengda for kvar enkelt serie og sveisa saman ein samlepost.

How I Met Your Mother sesong 2

Forventingane til ein serie som denne er aldri dei største. På linje med situasjonskoemdiar som Friends og Two Guys,a Girl and a Pizza Place er det enkeltepisodar som bestemme, heilheita blir aldri basert på noko samanhengane historie. How I Met Your Mother skapar ein falsk raud tråd ved å la serien vere eit einaste tilbakeblitt i seg sjølv, utan at det har noko å sei. Dette er New York anno 2007. Som enkel komedie klarar serien seg, men haltar om ein ser meir nøye etter. Skodespel og karakterar er overfladisk, innslag av gode punch lines her og der reddar derimot serien. Dessutan må nok den hyggelege drittsekken Barney vere verdt ein serie i seg sjølv. Diverre held ikkje serien mål frå første sesong, det har blitt for mykje nøling og for lite humor.

Scrubs sesong 6

Eg hadde klart for meg kva eg skulle skrive til det som inntil minuttar før eg angreip sesongfinale var meint som mine siste ord om serien. For då fann eg ut at det er gitt klarsignal for ein sjuande sesong. Eg har uttrykkt tidlegare at Scrubs har halde seg godt gjennom alle sesongane, og gitt ei stadig utvikling utan at det har gått utover humoren. Miksa elegant med ein dose drama har skaparane klart å gi karakterane djubde, og eg har etterkvart blitt nokså knytta til serien. Sjølv om eg føler det er på tide å gi seg har eg trua på at dei skal klare å presse ut endå ein god sesong. I forhold til dei tidlegare sesongane har denne blitt meir vaksen og blandinga av humor og alvor har glidd meir over i kvarandre, dette har gitt eit godt inntrykk av at eg ikkje ser opp igjen det same gamle.

The Office sesong 3

Tredje runde med denne serien held seg godt sjølv om tilknytninga ved å sjå dei to første sesongane samanhengande så smått er forsvunne, pluss litt for mange pausar innimellom. Likevel er The Office ein serie som står støtt på vekeleg basis. Dei svakaste episodane er middels gode på sitt dårlegaste, dei gode er blant det beste innan komiserie. Iallfall likar eg å tru det. Så har den skuffa, eller held det seg? Eg vel den gyldne middelveg om eg skal samanlikne med dei førre sesongane. Det kan sjå ut som serien har nådd toppen sin og aldri vil nå opp igjen til det punktet eg var mest inne i serien. Men forkaste den? Det vil eg ikkje. For The Office gir seg ikkje endå, ein fjerde sesong vil komme. Har du lese og lurar på kva eg snakkar om, ettersom Ricky Gervais driv med heilt andre saker for tiden, så er det sjølvsagt den amerikanske versjonen eg har plapra i veg om.

Smallville sesong 6

Superman-historia er skrive for lengst. Smallville har nok gjort sine eigne variantar undervegs, men det har vore lite tvil om kva retning det har skulle tatt. I løpet av sjette sesong har dei sterke antydningane til ondskap hjå Lex Luthor fått eit ansikt, vegen mot fiendskap utan sjanse for tilgivelse har møtt sitt endepunkt. Fleire skapningar frå Superman-universet har fått sin inntreden i løpet av året, der alternative Smallville-variantar av oppstanden til desse har blitt presantert. Ungdomsserien som dette var har forandra seg, utan å gi slepp på at det er Smallville me fortsatt får. I si heilheit er ikkje denne sesongen noko revolusjonerande. Den er verken den beste eller mest overraskande hittil heller, og ei stund tok eg ein pause fordi det var ein slapp periode. Utover mot slutten tok den seg likevel opp igjen, sesongfinale var eksplosiv og nemneverdig som vanleg, og det avslutta med sitt vanlege To be continued….

Sesongavrunding veke 20 plakat - Filmdagbok