Sesongavrunding veke 21

Skriv · · 24. mai 2007

Heroes sesong 1

Den kanskje sterkaste nykommaren i fjor haust har no runda av med sin første sesong, og det med stil. Tidlegare blei det kjent at Heroes ikkje akta å gå i den såkalla Lost-fella. Med dette meinast at den ville unngå å pøse på med spørsmål og mysterium som aldri blei gitt svar på, eller komme med nye trådar som sakte forsvinn som det var gløymte. Utan å gå for mykje innpå det vil eg for ordens skuld trekke fram The Sopranos som ein anna serie som sluttar trådar rett som det er, denne serien si unnskuldning er at slik er livet, det same kan vel ikkje seiast om Lost. For å unngå fella bestemte skaparane bak Heroes seg for å gi første sesong ei avslutning på sesongen sitt største spørsmål, vil New York gå i lufta? Er framtida forhåndsbestemt? Er det noko det er mangel på i mange seriar så er det verdige avslutningar. No vil Heroes fortsette til hausten igjen, takk og lov, og det aller viktigaste ved serien, menneska med overnaturlege eigenskapar, vil nok fortsette å vere i hovudsete. Så, alt dette snakket om ei verdig avslutning, det må innebere at eg har likt det eg har sett ved sidan av. Serien har for det meste halde høgt tempo, dog eit par skuffelsar har det vore innimellom, men det byrjar å bli ei stund sidan sist. Måten Heroes imiterar teikneseriar i både stil, karakterar og oppbygging gjer sitt til at eg likar dette ekstra godt.

Veronica Mars sesong 3

Spikarane i kista er nesten satt alle saman. Det har komme offisielle uttalelsar om at serien er kansellert, men The CW har likevel satt frista til 15. juni kor vidt serien faktisk vil bli borte frå skjermen i framtida. Trist, men la oss heller sjå på dei lyse sidene. Tre sesongar med utmerka god tv blei det. Usikkerheiten omkring oppfølgelsen til den avsluttande historia første sesong bydde på var tilstades, men så kom andre sesong og feia all tvil til sides. Den tredje og siste sesongen har vist klare endringar frå skaparane si side. Me har forflytta oss til college, og atmosfæren til heile serien viser seg å ha tatt eit solid steg mot å bli meir vaksen. Det er mørkare, meir alvorleg enn tidlegare. Strukturmessig har også Veronica Mars gått frå å ha ein raud tråd gjennom heile sesongen til å ha fleire mindre historiar fletta saman som strekker seg over eit mindretal episodar, ved sidan av det vante innslaget med eit problem her og der. Årsaka til dette kan vere usikkerheita frå skaparane om det blei ein heil eller halv sesong, at det blir enklare for andre enn den harde kjerna å følge med på i blant, eller rett og slett ønske om endring. Det fungerar iallfall ganske bra, resultatet blei nok ein sesong med det som etter kvart har utvikla seg til å bli den mest stabile serien eg har fulgt på eit vekeleg basis over 3 år. Eg er sjølvsagt skuffa over at The CW har beslutta å gi opp, men var mest glad for at dei ikkje gjorde det tidlegare. Grunnen til at eg forventa det var ikkje at Veronica Mars er dårleg på nokon måte, men kanskje heller for bra for den typiske tv-tittaren.

Sesongavrunding veke 21 plakat - Filmdagbok