Sesongavslutning veke 19

Skriv · · 13. mai 2008

Unødvendig kanskje, å ha Scrubs heilt åleine i eit sesongavslutningsinnlegg, men ettersom eg ikkje ønsker å skrive altfor mykje om dei andre seriane eg har fulgt med på så startar eg i mai i år, som i mai i fjor, sesongsavslutningsinnlegga mine.

Scrubs sesong 7

Scrubs sin sjuande sesong blei skuffande kort, eg og sikkert mange andre såg fram til ein solid runde med sjukehuskomedien då dei i motsetning til sesongen før faktisk starta opp så tidleg som i oktober. Så kom streiken, tv-nettverket som var usikker nok frå før vingla endå meir og det var stor skepsis til om dei ferdiglaga episoden ville komme til å bli sendt. Heldigvis blei dei det, men elleve episodar er ikkje stort. No går rykta på høgt nivå at ABC har kjøpt opp serien og vil sende den frå hausten av, så det lovar bra for Zach Braff og gjengen.

Om episodane er det ikkje all verden å seie, eg har sett betre i Scrubs-samanheng, men serien er fortsatt morsom, sjølv om den nok har mista litt av sjarmen frå dei yngre dagane. På ei anna side kan ein såleis sjå ei utvikling i seriens karakterar og nivået i deira seriøsitet. Dette betyr ikkje at J.D. og Turk styrer unna barnslegeheitane, dei er det endå nok av. Grunnen til at eg ikkje er heilt med er at episodane heng litt lausare saman, som igjen får meg til å vurdere morsomheitane med eit skarpare sinn. Eg har det med å smelte litt når det gjeld alvorleg drama.

Sesongavslutning veke 19 plakat - Filmdagbok