Skivebom på storskjerm

Skriv · · 4. desember 2006

Malplasserte TV-stjerner i Hollywood-film er det blitt ein del av. Ikkje alltid er dette prestasjonane, eller mangelen på sådan, til stjernene åleine sin feil. Men det høyrer med til saken at det kjem mykje gratis PR ut av det å bruke ei veletablert TV-stjerne, men fersk filmskodespelar som protagonist, og at det på den måten lønnar seg, uansett resultat.

I den anledning har eg laga mi eiga topp 10 liste, eller kanskje botn 10 er meir passande, over TV-stjerners møte med filmverdenen. Lista består av sin del dårlege filmar, som kan ha sitt å sei på prestasjonane.

Å sette sammen ei liste over velplasserte folk er eit anna alternativ, som eg trur hadde vore enklare, men kanskje ikkje så interessant?

Rekkefølga her er ikkje 100 % finjustert, men stemmer grovt sett.

  1. Kristin Kreuk (frå Smallville) i Earthsea, også dette er ein TV-film, todelt. Men film er film, og Kristin Kreuk er usikker og iskald.
  2. Shiri Appleby (frå Roswell) i Everything You Want, som eigentleg er ein TV-film. Men dama kan ikkje spele, og er eit godt eksempel på ei som spelar på å vere søt og uskuldig.
  3. Josh Meyers (frå That '70s Show, siste sesong) i Date Movie, ein av årets verste filmar (liste over dei kjem utpå nyåret). I denne filmen gjer han verkeleg noko av dei dårlegaste parodiprestasjonane eg har sett, av Napoleon Dynamite og Owen Wilson.
  4. Danny Masterson (frå That '70s Show) i ein av årets dårlegaste filmar, Puff, Puff, Pass. Han klarar å sitte i ein stol i TV-serien å slenge dritt, men å spele ein rolle ser det ut til å vere verre med.
  5. Jaime Pressly (frå My Name Is Earl) i DOA: Dead or Alive.
  6. Kristen Bell (frå Veronica Mars) i Pulse var lugubert. Eit prakteksempel på feil casting i ein film som ikkje skulle ha eksistert.
  7. Tom Welling (frå Smallville) i nok ei skrekkfilm nyinnspeling, nemleg 2005-versjonen av The Fog. Fyren har i tillegg gjort familiekomediar med Steve Martin, dårleg karrierevalg.
  8. James Van Der Beek (frå Dawson's Creek) i The Plague og forsåvidt Texas Rangers. Ein lite engasjerande karakterskodespelar som nok treng ein del tid på å bli tøff.
  9. Jason Behr (frå Roswell) i Shooting Livien som har potensialet til å bli ein bra film, men som manglar folk som ein faktisk kan bli interessert i å følge.
  10. Katie Holmes (frå Dawson's Creek) i Batman Begins. Dama har kanskje gjort ein god film i form av Pieces of April, men å ha ho med i denne filmen var ein skivebom.
Skivebom på storskjerm plakat - Filmdagbok