Sløyfe på april

Skriv · · 1. mai 2007

April er passert, Kosmorama er forbi, det er på tide å slå seg saman med russen og feste livskiten ut av seg i vårsola. Eller sjå ein god film. Mitt sterkaste tips frå månaden som gjekk er rettsalklassikaren Anatomy of a Murder med James Stewart. Og heilt på tampen av månaden kom faktisk nok ein rettsfilm med i toppen: 12 Angry Men. Ein filmmånad med gode klassikarar altså.

Heldigvis såg eg ingen filmar utan eit ørlite snev av verdi i seg. To stykker var derimot på veg mot botnen, men redda seg ved å ha nokre småting som appellerte til meg. Desse er generelt godt likte av den generelle publiken, men eg trår til side og står ikkje for å gi noko skryt. Både Dellamorte Dellamore og The Rocky Horror Picture Show gjekk til nøds.

Litt tal på slutten, mest for min eigen del kanskje. I løpet av april har eg sett 30 langfilmar, ti kortfilmar, komme i land med fem sesongar av ymse tv-seriar og ein miniserie. Fem temapostar har eg også fått lire av meg: Kortfilmar signert Stanley Kubrick, The Short Films of David Lynch, Bride of Re-Animator, Shaun of the Dead / Hot Fuzz og Kosmorama: Old Joy og Yella. Det skulle vere alt, og no ser eg fram til blockbuster-sesong frå og med Spider-Man 3 den 4. mai.

Sløyfe på april plakat - Filmdagbok