Sløyfe på august

Skriv · · 31. august 2007

August var lenge på veg til å bli den månaden i år med minst innlegg (i følge statistikken på botnen av sida), men så såg eg veldig mange kortfilmar og alt endra seg. Langfilmar har det heller blitt mindre av, mindre enn vanleg i såfall. TV-serie har det blitt lite av.

Av det gode eg såg utmerka Deliverance seg på tampen av månaden som noko vel verdt å foreslå vidare. Blades of Glory stod seg ut som ei positiv overrasking og kan anbefalast som Hollywood-komedie, men held ikkje høg klasse på den måten Deliverance gjer.

Tala: 1 tv-serie. 19 filmar. 10 kortfilmar. 1 tv-pilotguide.

Sløyfe på august plakat - Filmdagbok