Sløyfe på februar

Skriv · · 1. mars 2007

Det er den tida i månaden igjen, når forbipasserte dagar har blitt forbipassert månad og det er på tide å reflektere over sette filmar. I løpet av februar har eg sett 24 langfilmar, 4 miniseriar der to korte sesongar Riget tel som ein, og ein vanleg dose fast tv-serie.

Som i januar har eg holdt meg til ein film (eller mindre) om dagen, og slik vil det nok fortsette. Betre tid til å velje film og betre tid til reflektering. Night at the Museum og Bad Boy Bubby må likevel nemnast som skuffelsar. Generelt har det blitt meir middels film denne månaden enn forrige. Godbitar mangla det ikkje på fordi om.

Forutan fire Harry Potter-filmar fordelt utover seks dagar som eit av februars høgdepunkt har eg kost meg med Sarah Silverman: Jesus Is Magic og Stranger Than Fiction meir enn noko anna.

Bilde over denne gongen er henta frå Google Image Search på stikkordet sløyfe. Sidan eg ikkje har eit fornuftig bilderedigeringsprogram tilgjengeleg så blir det ingen fancy photoshopping denne gong, men sjå gjerne på skjorta som eit symbol for februar. Forvent eit nytt smekkert bilde om 31 dagar.

Sløyfe på februar plakat - Filmdagbok