Sløyfe på juli

Skriv · · 1. august 2007

Juli har vore ein skuffande månad i forhold til vêr, trening og uteaktivitet, men ein god filmmånad.

Eg har sett 26 filmar. Av dei vil eg spesielt anbefale In the Land of Women, Disturbia, The Breakfast Club og The Namesake til andre på jakt etter god film. Heldig med vala har eg ungått noko verre enn middels og slepp dermed å henge ut nokon titlar.

Eit par TV-samlepostar har det blitt, deriblant ei ny pilotguide. Sju sesongar med tv-serie har det òg blitt. Samt tp såkalla temapostar: Bogie og Tøffe typar i ville vesten.

August står på trappa, det gjer òg ein tovekers tur til Israel, sikkert utan så altfor mykje filmsjåing. Men det er ikkje som om det elles er mangel på innlegg her heller…

Sløyfe på juli plakat - Filmdagbok