Sløyfe på mai

Skriv · · 1. juni 2007

Mai har vore ein fin månad, skulesituasjonen med to heimeeksamenar og notatar skrive gjennom semesteret har gitt nok fritid til å pløye gjennom eit hav av både film og tv-serie.

Det er sesong for avslutningar. Eg har fulgt med både fast og uregelmessig på ymse sidan i haust. I mai samla eg trådane, fullførte seks seriar og samla desse i to sesongavrundingsinnlegg. Forutan dette har det blitt ein del korte britiske seriar. Eit skremmande høgt tal kjem altså i tillegg til dei nemnte seks: Ti tv-seriar. (Notat til meg sjølv: Mesteparten av Rome blei sett i april, halve Twin Peaks blei sett tidlegare). Av desse vil eg trekke fram Spaced som ein klar favoritt. Forutan britisk har trådd inn i amerikansk problemland med Six Feet Under, som er på høgde med det beste av HBO eg har sett.

27 filmar har det blitt, der over halvparten har sin plass på øvre del av IMDb top 250. Her er det mange godbitar å hente, sjølv om det i blant dukkar opp ein og anna skuffelse. Både The Treasure of the Sierra Madre og Sunset Blvd. fall veldig godt i smak, og har blitt høgt verdsatt. Det skulle derimot ein anna vel ansett film, rett nok ikkje frå denne lista, til å skuffe. Who's Afraid of Virginia Woolf? gjekk til nøds.

Eit par temapostar har eg fått lire av meg. Den eine, Animert japansk surrealisme, er ei samling av tre korte filmmeldingar av Satoshi Kon-filmar. Den andre har zombie som eit fellestrekk, og går under tittelen Eit knippe levande døde. Til slutt vil eg trekke fram den andre gjestefilmmeldinga her på berget, Mario har sett WWE-filmen The Condemned og skrive om filmen: Brutalt spill blant dødsdømte.

Sløyfe på mai plakat - Filmdagbok