Sløyfe på mars

Skriv · · 1. april 2007

Første kvartal er gjort unna, om ikkje lenge er det sommar og så jul igjen. Før den tid vil eg oppsummere filmmånaden mars som den har vore for underteikna. I løpet av mars har eg sett 28 langfilmar, 1 kortfilm og fullført 9 tv-seriesesongar. Enkelte seriar begynnar allereie i mars å bli avslutta, som Primeval, Psych, Top Gear og Las Vegas av nokon.

Angåande fordelinga av filmar utover månaden har det ikkje skjedd nokon forandringar i forhold til dei to førre månadane, så eg går rett på sak. I den svake enden av skalen låg For Your Consideration ytterst, tett fulgt av The Crow. På gledessida var det mange gode denne månaden, og dei som eg fekk lyst å utpeike spesielt undervegs var Rocky, Special og Conversations with God.

Sløyfe på mars plakat - Filmdagbok