Sløyfe på november

Skriv · · 3. desember 2007

Midt ut i november fann eg ut at oktoberoppsummering hadde uteblitt, men ettersom eg ikkje ser på desse oppsummeringane som den viktigaste delen av Filmdagbok så blei det ei stille innlegg direkte til arkivet. No er november forbi, ein månad som til tross for eksplosiv opptrapping på eksamenslesinga har gitt rom for mang ein film. Nyårsforsettet mitt gjekk sånn passe i dass då eg med god margin overskridde 1 film per dag. Dei dårlege filmane har heldigvis uteblitt og november går inn i historien som ein god månad. Lat oss sjå på statistikken:

36 langfilmar. 8 tv-sesongar med ymse. 4 kortfilmar. 3 samlepostar: Store i kjeften og feige mordarar, Dystopi i Asbjørn sitt hi og Saksemann søker dame med busker.

Tre titlar utmerka seg blant mange gode filmopplevelsar. Etter eg gjekk over til poengvurdering (ikkje så ulikt IMDb), blir det som regel dei med 9 og 10 poeng som står seg ut i månadsoppsummeringa (om det ikkje har vore tørkeperiode). Edward Scissorhands på toppen med 10, tett fulgt av Futurama: Bender's Big Score og Some Like It Hot. Alle kandidatar for årets toppliste.

Sløyfe på november plakat - Filmdagbok