Sløyfe på september

Skriv · · 1. oktober 2007

Aktiv månad fører med seg mange tal, godt spreidd ut over ulike felt i Filmdagbok, som dessutan fekk ei overhaling på layouten sidan forrige sløyfeinnlegg. Mario skreiv ei gjestemelding av Orgazmo. Sjølv fekk eg fullført 9 tv-sesongar (nokre sommarseriar har blitt avslutta), laga 2 TV-samlepostar, sett 3 korfilmar (IMDb sin definisjon) og ikkje minst; 31 filmar.

Gode filmar? mange! Ut i frå mi nye rause talvurdering: 9/10: Tatt av kvinnen og Planet Terror. 8/10: Equilibrium, The TV Set, Rio Bravo, Twelve Monkeys, Knocked Up, Roman Holiday, Reign Over Me. Etter det gamle systemet: Høgt verdsett: Sleuth. Karakterane er gitt etter magekjensla på ulike tidspunkt. Så sjå på skalaen som eit cirkaverktøy.

Sløyfe på september plakat - Filmdagbok