Småtteri om layout og lenker

Skriv · · 16. april 2006

I grunn ingen større endringar. Men om folk skulle lure, så er lenkene flytta til eiga side, som er å finne under Pages. IMDb top 250-lista er fjerna frå eiga side her og kan finnast på twofifty.org, linken dit kan også finnast under Meta.

Om det å bruke RSS feed er ønskeleg, så kan lenkene dit også finnast under Meta, samt via eigen knapp i nettlesaren for dei som har støtte. Feed lenkene var før å finne heilt på botnen av sida. 1001 movies-lista er fjerna, ettersom det var meir arbeid å oppdatere, enn glede i å sjå den bli fyllt ut. Updates er fjerna, no når sida er tilnærma ferdig, og berre små endringar vil bli gjort no og då, som å finjustere og ordne eventuelle småfeil.

Openbare feil på sida, legg gjerne igjen ein kommentar.

Småtteri om layout og lenker plakat - Filmdagbok