Snart ny side

Skriv · · 19. april 2007

Sidan Filmdagbok snart skal skifte hosting provider, når eg har fått samla nok mot, så har eg og bestemt meg for å finpusse på utsjåande her. For første gong sidan eg gjekk over til Wordpress jobbar eg med eit tema for sida i frå botnen av. I denne samanhengen har eg funne ut kva eit par av dei strukturelle problema dette tema har skuldast.

Poenget mitt er, viss nokon merkar små endringar og ikkje minst feil (som at søkefunksjonen i skrivande stund ikkje virkar), så er det fordi eg har gjort ein klypp i staden for kopier av eldre kodesnuttar. Mykje som kan skje når eit heilt tema skal haldast styr på. Eller fordi eg har endra på ein plug in til å passe det nye tema.

I mellomtiden, før endringa, så deler eg nokre knøttsmå bilder frå den grafiske delen av sida. Målet er å skape ei betre heilheit, endå enklare oversikt og ikkje minst noko heilt eige. Dato? Ukjent.

Snart ny side plakat - Filmdagbok