Statistikk per månad

Skriv · · 15. februar 2021

Statistikk for trafikken på Filmdagbok har sidan desember 2020 blitt gjort tilgjengeleg opent på Statistikkar. Ved kvart månadsskrifte så blir statistikken for førre månad lagt ut. Historikken på tidlegare statistikkar går tilbake til august 2020.

Det er i stor grad dei ti mest populære opplysningane innanfor kvart område som er ført opp. Det gjeld dei ti mest besøkte sidene for:

  • Seriar
  • Filmar
  • Kombinasjonen seriar og filmar
  • Land: Kor besøkarane kjem frå
  • Utlenker: Klikk ut frå nettsida
  • Kjelder: Kva nettsider besøkande kjem frå

I tillegg er det andre tal som viser fordelinga av innlegga på sjangrar og innleggstypar. Og ei utrekning av konverteringsraten som er basert på totalt unike besøkere som klikkar seg vidare til eksterne nettsider. Følg med på Statistikkar for å sjå kven som besøker Filmdagbok, og korleis.

Statistikk per månad plakat - Filmdagbok