Teknisk oppdatering

Skriv · · 11. mars 2021

I dag, 11. mars 2021, har Filmdagbok gjennomgått ei usynleg, men viktig teknisk oppdatering. Det er lagt inn støtte for bildeformatet WEBP. WEBP er eit bildeformat som skal redusere storleiken til bilder på nettsider. På Filmdagbok fungerer bruken av WEBP på den måten at det blir gjort ei samanlikning i filstorleik mellom WEBP og JPEG, og leverer bildet som er minst. Samtidig er lazy loading, ein metode for å berre laste inn bilder som er synlege blitt implementert på tvers av alle deler av sida. Spesielt for mobil vil denne metoden hjelpe med hastigheita, då bilder du aldri blar deg forbi ikkje vil bli lasta ned.

I tillegg har metoden for innlasting av JavaScript blitt sett til å bruke HTML5-lastemetoden defer. Dette betyr at i motsetnad til tidlegare, blir JavaScript lasta inn samtidig som resten av HTML-koden på ei nettside, men først køyrt etter HTML-koden er ferdig lasta inn. Dette skal gi ei raskare oppleving av lastetiden til ei side.

Teknisk oppdatering plakat - Filmdagbok