Top Gear-ryktebørs

Skriv · · 1. juni 2008

Mens det endå er usikkert når Top Gear kjem tilbake, nettsidene seier sommaren 2008, vil eg dele nokre rykter om kva den kommande sesongen kanskje vil tilby. Viktig er det å understreke at eg ikkje har gått for å finne bekrefelsar på desse, og at det mest sannsynleg ikkje har komme nokon bekreftelsar heller.

  • Richard Hammond, Jeremy Clarkson og James May vil reise til Japan for ein av dei kjente cheap cars challenges, på grunnlaget av at Richard Hammond vil føle seg høg blant japanarane.
  • Eller blir det Nissan GT-R v.s. Bullet Train (Shinkansen) i Japan?
  • Serien vil introdusere ein ny karakter, litt som The Stig, men ikkje heilt som The Stig. Ein karakter som håpefullt vil gjere spennande saker til glede for seriens publikum.
  • Studio vil få nye stolar.
  • Vi vil få eit bil versus ukjent-faktor type løp. Igjen, Shikansen?
  • Jeremy Clarkson skal teste ein genial plan for å gjere britiske politibilar betre.
  • Det vil fortsatt vere store innslag, men i litt mindre grad enn før.
  • Top Gear vil gå til krig mot Tyskland. Sabine kjem tilbake! Vil dette involvere paintball?
  • The Stig vil teste Veyron. Eller berre eit standard photoshoot for eit magasin?
  • James May vil køyre ein mini-tank.
Top Gear-ryktebørs plakat - Filmdagbok