Tordenbloggen 2006

Skriv · · 9. desember 2006

Tordenbloggen 2006 er over, og alle innlegga i forbindelse med denne cupen har blitt samla her.

Avstemning del 1

Takk til gbang som har oppretta ein eigen post på dette tema på Gjemmestedet.

Så til saken. Gå til Tordenbloggen og stem meg fram i kommentarfeltet eller i stemmeboksen som er lagt ut. Stem gjerne fram andre gode bloggar der og framover. Verdt å besøke!

Avstemning del 2

Takk til venner og familie som stemte bloggen min vidare. Likevel om eg heller skulle sett Fred Ut, Sønn gå vidare frå første pulje enn meg frå denne, så er eg glad for stemmene, og håpar på same støtte når Gjemmestedet og d7u.org dukkar opp. Og sjølvsagt i neste runde.

I mellomtiden, filminteresserte, ta ein tur innom filmforumet Gjemmestedet & d7u.org, registrer og diskuter.

Avstemning del 3

Tordenbloggen er i gong med runde 2 i morgon (torsdag) og i den samanheng vil eg oppmode folket om å stemme fram både Typisk Tor Andre og De 7yv utvalgte.

Ver klar for harde duellar framover, og hald augene opne for Filmdagbok som i løpet av ein av dei kommande dagane vil møte ein av Noregs kvalifiserte bloggar. =)

Bilde som er lagt til er forresten den steintøffe trekningsbollen. Om det er ekte Furu-krystall eller ein vanleg glasbolle er vanskeleg å sjå.

Avstemning del 4

Dei mest interesserte har nok fått det med seg, men eg nemner det likevel, Typisk Tor Andre er vidare og De 7yv utvalgte må sjå seg slått i første dag av andre runde i Tordenbloggen 2006.

I morgon (laurdag) er ein ny dag, også denne gongen med ein blandingsblogg inkludert film og ein fullt dedikert filmblogg: Nemleg Iversen Revisited og Gjemmestedet. Ta difor turen innom Tordenbloggen 2006 og stem fram desse to i morgon!

Avstemning del 5

Morgondagens omgang kan bli siste for min del, om ikkje gudane smiler (jepp, det finst meir enn ein). Eg skal ut mot mattisborgen, ein blogg eg rimeleg ukjent med. Ingen linkdump dit denne gongen, det vil vere å sende folk i feil retning. For det er til Tordenbloggens side vegen går.

Blir det tap så er nok dette siste innlegget i denne serien, for å svelge tapet blir hardt nok om eg ikkje måtte skrive om det. Eller for å vere ærleg, eg er glad eg kom så langt som til andre runde i det heile.

Tordenbloggen 2006 plakat - Filmdagbok